Fredag i Gibraltar Første heile dag i det britiske oversjøiske territoriet Gibraltar starta med ein liten tur rundt heile territoriet. Joggeturen gjekk først sørover på vestsida ned til Europa Point på sørspissen før retur tilbake nordover på austsida av territoriet. Stort sett heile vegen er det fortau bortsett frå gjennom ein 500 meter lang tunnell på austsida der eg kan ha ignorert eit skilt om at fotgjengeri der er noko uglesett. Mange tenketankar i havet Moskéen og Gibraltarklippa sett frå Europa Point Fyrlykta på Europa Point Morgonstemning på søraustsida av Gibraltar Blomar langs landevegen
Etter ein dusj og ein pust i bakken for å kjenna på kvilepulsen gjekk turen til Irskebyen (Irish Town) inne i Gibraltar sentrum. Her kunne The Clipper by på solid frukost som heldt meg mett i timesvis framover. Prisen kom på 8 £ pluss drikke:
Deretter gjekk turen opp i høgde der eg fekk eit fint overblikk over flystripa. Gibraltar lufthamn hadde ein vanskeleg fødsel. Området som i dag blir brukt til flyplassen var tidlegare ein travbane. Graset i midten vart brukt som ei provisorisk landingsstripe, men spanjolane var ikkje så altfor nøgde med dette etter ei kræsjlanding. I 1931 vart grasplena inne i travbanen brukt av eit selskap som flaug til Tanger, men det varte i berre tre månader. Frå 1934 vart det lagt planar om ei permanent flystripe, men dette møtte sterk motstand frå rideklubben og frå forsvaret som brukte området som treningsfelt. Til slutt vart det inngått ein avtale som sa at fly skulle få landa i 'nødstilfelle', men berre dersom hovudkvarteret på festningen fekk minst éi vekes førehandsvarsel! I løpet av andre verdskrigen vart det tydeleg at Gibraltar trong ei fungerande flystripe og ho vart bygd ut ned fast dekke og rullebanen forlenga, så no må hestane konkurrera andre stader... GIB i mai 2023 British Airways snart klar for take-off
Mesteparten av denne dagen skulle eg bruka i Gibraltar naturreservat. Inngangsprisen var 18 £ og då kjem ein inn på alt av attraksjonar oppe på klippa. Området er stort, men er fullt ut overkomeleg til fots for min del. Det blir fort nokre høgdemeter, men pytt-pytt. Mitt største problem i starten av oppstiginga var at eg var stappmett etter frukosten, men det kom seg... Det er festningsverka som står i fokus på Gibraltars klippe 'The Rock'. Det første som møtte meg var eit 300 år gamalt batteri via dronning Charlotte:
Eit av høgdepunkta er å gå inn i tunnellane som vart laga under andre verdskrigen, men dei var stengt grunna brann. Eg vurderte å spørja om kven hadde lånt bort fyrstikkane sine til tyskarane, men eg fann ut at det var best å ikkje nemna krigen... Gibraltar vart erobra av britiske og hollandske styrkar i 1704. Sidan då har spanjolane vore småirriterte og ganske lystne på å få tilbake Gibraltar. Det iherdigaste forsøket skjedde under ei fire år lang kringsetjing frå 1779 til 1783. Det vart hogd ut mange tunnellar i klippa før og under denne kringsetjinga. Britane hadde rundt 6 000 mann i Gibraltar. Det var spanjolane (og etter kvart franskmennene) som kringsette Gibraltar med ein styrke på fleire titals tusen soldatar. Trass i å vera i kraftig mindretal greidde britane å halda på Gibraltar og gjer det den dag i dag. Kanonar i fjellet Tunnellar frå 1700-talet
Frå den store kringsetjingas tunnellar gjekk turen vidare oppover klippa. Skiltinga er stadvis litt manglande, så ein må rekna med å gå litt feil, men eg unngjekk dei største blundarane. Elles fann eg ut at det har vore storfint besøk her før, då var det dronning Elisabeth II som tindra i kapp med sola. Ikkje var det så lenge sidan heller. Eg reknar med at eg òg får ei minnetavle etter mitt besøk:
For det meste kan du gå på fast grunn her i Gibraltar, men Windsor hengebru er jo eit unnatak. Derifrå er det ein fin utsikt utover landskapet:
Neste post på programmet måtte eg ta trinn for trinn. Forsvarsverket Karl Vs mur vart bygd på 1500-talet. Karl V var keisar av det tysk-romerske riket og jamvel konge av Spania, så den guten hadde litt å sysla med! Så, trinn for trinn. Altså, det er bygd ei trapp i muren, så då blir det trinn for trinn...:
Det er òg mogleg å møta slekta på Gibraltar-klippa. Hald alt av mat ute av syne og hald avstand! Og kjære lesar, det er altså ikkje reisebrevforfattaren som er avfotografert på dei følgjande bileta:
Vel oppe på toppen var det på tide med litt drikke og mat. Det smakte godt med både smoothie, milkshake og vatn (pluss lasagne). Igjen vart eg stappmett! Utsikt frå toppen Drikkestopp med utsikt Reisebrevforfattaren???
Neste stopp vart erkeengelen Mikaels grotte (St. Michael's cave) som har vore ein stad kjent for mennesket i fleire tusen år. Grekarane meinte at dette var inngangen til Hades, underverda. Det er òg funne hovudskallar etter neandertalarar her, så kan hende har staden vore kjent for tobeinte i 40 000 år! I dag er det fin lyssetting i grotta som kanskje er botnlaus:
Dagen vart avslutta med å gå ut av Gibraltar naturreservat på sørsida via Jødeporten (Jewish gate). Vips var eg ved Europa Point igjen: No var klokka nærmare seks og eg tusla tilbake til krypinnet der eg dumpa ned i sofaen rundt klokka åtte. Då hadde eg 38 000 skritt bak meg, så det passa godt med ein roleg kveld.
Stakkars Karl snur seg nok i graven i sjokk og vantro over at du har degradert han. Mannen var keiser av det tysk-romerske riket og ikke bare konge
Laurdag i Gibraltar På ny vakna eg til sol frå blå himmel og etter ein lett frukost i krypinnet tok eg ein joggetur. Denne gongen runda eg flyplassen og det var ganske stas å kryssa flystripa som eg to dagar tidlegare hadde landa på! GIB, ein fin stad å jogga God utsikt mot Gibraltarklippa frå GIB Nordaustsida av Gibraltar i morgonsol
Neste post på programmet, etter ein frukost nummer to, var å få fiksa klokkereima som gjekk i stykker to dagar etter røvarkjøpet i Skopje. Her gjekk eg innom ein urmakar og forklårte problemet. Dei fiksa biffen -- heilt gratis! Eg prøvde tre gongar å få betalt, men dei nekta meg! Men eg måtte koma til dei neste gong eg skulle ha ei ny klokke...!
Deretter gjekk eg på Gibraltar museum. Dette museet tar føre seg Gibraltars historie dei siste 40 000 åra. Vanlegvis kostar museet nokre pund å koma inn på, men dei markerte den internasjonale museumsdagen så det var gratis. Museet ligg i seg sjølv i eit interessant hus, i underetasejen har dei grave fram restane av gamle mauriske bad frå 1300-talet, om eg las korrekt. Det er ikkje eit stort museum, men vel verdt ein visitt!
Neste stopp var eigentleg den botaniske hagen, men eg gløymte meg bort og vips var eg borte ved Jødeporten der planen var å gå opp på toppen av klippa via Middelhavstrappene. Då eg skulle løysa billett kjente portvakta meg igjen frå dagen før, og eg kjente att honom. Vi snakka litt laust om kva eg hadde gjort dagen før og kva eg skulle gjera i dag. Enden på visa vart at eg fekk inngang til reservatet heilt gratis i dag, og dermed sparte eg 18 pund... Det var altfor snilt, men kva kunne eg gjera? Mannen nekta å ta betalt og sendte meg til første trappetrinn...! Middelhavstrappene er ein fin tur som snor seg opp til toppen av klippa via austsida. Det er til tider luftig. Turen er ikkje lang og eigentleg ganske lettgått. Litt sus i magen vart det då eg titta ned! Stien før trappene Stadig meir luftig Middelhavstrappene Trinn for trinn Utsikten kunne ha vore verre! På toppen av Gibraltarklippa
Det var ein nokså varm dag. Planen var å gå innom O'Hara-fortet, men det var stengt. Her var det ikkje brann som var årsaka, men dei skulle fiksa taket. Vel, eg stakk innom restauranten på toppen og fekk ein ganske så god fish&chips samt litt drikke: På tur ned var eg innom keisar Karl V sin mur igjen. Tunnellane frå andre verdskrigen var framleis stengt og kringsetjingstunnellane frå 1780-talet gjesta eg dagen før. Likevel fann eg nye stiar og rusla litt rundt før eg søkte mot utgangen. Denne gongen valde eg å fokusera på eit maurisk slott bygd rundt år 1333. Her kan ein gå inn og opp på toppen av tårnet. Tårnet har overlevd heile ti kringsetjingar, så dette er solide saker! Minnetårnet dominerer i det mauriske slottet