Ulempen med TAP sine heimesider er vel at du ikkje ser kva for bookingklasse du hamnar i, men C, D, J og Z gir 200 % opptjening med TAP, ifølgje SAS. Dersom du faktisk får 200 % opptening på den ruta du sjølv føreslår, så er jo ikkje det så verst med tanke på prisen.
Singapore airlines skal ha rundt 26 laken for tur til New Zealand, men på ein slik reise vil sikkert mor vera med og det sprenger budsjettet. I tillegg får du vel no berre 150 % EB-opptjening hos SQ, ifølgje SAS. Det gir vel like over 30 000 poeng (ta høgde for litt svak hovudrekning her på seinkvelden).
Sånn sett er vel dine eigne framlegg faktisk ganske så gode. SK Plus til King Kong (eller var det Kong Hong?) og til vestkysten av USA er prismessig gunstig.
Herren er jo ganske flyinteressert, så kanskje han kan få løyve frå heimefronten om å dra til Boeng-muséet utanfor Seattle (i tillegg til å ta ein titt på sjølve byen)? Med SK til SFO og United vidare så held vel prisen seg framleis innanfor budsjettrammene.
Da dette genererer kun 18 000 poeng (omtrentleg), så må du jo ut på to turer for å få fornya EBD, men ein tur austover (HKG) og ein tur vestover i SK Plus gir rundt 36 000 poeng og budsjettet held seg meir innanfor rammene enn det Mongstad-rekneskapet gjorde i si tid.
Javel, eg greidde diverre ikkje å kome fram til eit eksotisk reisemål, ei heller eit eksotisk selskap, men SAS på langtur er jo sjeldan feil.
Andre med djupare innsikt i dei mange irrgangane som finst i bonusjegarverda kan nok tipsa om meir spennande reisemåtar.
Lykke til med planlegginga 
EDIT:
For å få SK til SFO og UA videre til SEA måtte jeg telefonere til 915 05 400. Da satt jeg i eco hos UA og det gav vel 700 eb-poeng per veg mellom SFO og SEA. De måtte prise billetten manuelt, så da ringte de meg tilbake neste dag med prisen, jeg og jeg betalte vel rundt 12 000 kroner t/r TRD–OSL–CPH–SFO–SEA i SK Plus (og UA eco).
Last edited: 19. sept 2018