Då er eg attende i kongeriket. Det vert det nokre timar her før siste flight heim til Vestlandet. Her vert det servert ein mellomting mellom bolognese og tacokjøtdeig. Noko av det betre eg har ete i ein SAS-lounge, men samanlikna med det dei hadde i Afrika er det dessverre ikkje rare greiene.
Ja, Eg lyt nok skrive litt og poste nokre fargebileter frå sjølve opphaldet og. Det vart knapt med skriving under vegs sidan Airalo ikkje ville samarbeide før eg landa på EBB på heimreisa, og nettet på hotellet ofte var fråværande. Det var fleire straumbrot pr dag som medførte at både nett og vatn(!) forsvann. Vatnet kom att saman med straumen, men det tok lenger tid før WiFi'en var attende.
Vel framme på hotellet på BGO. Kjekk tur. Eg kjem med oppsummering og meir om opphaldet litt seinare.
Kjenner eg @Sunnfjordingen rett så er det vel i dag han skal krysse Sognefjorden. Dog på veg heim! https://www.nrk.no/vestland/brann-i-maskinrommet-pa-ferge-mellom-lavik-og-oppedal-pa-e39-1.17085275
Det gjekk bra. Eg tok 0900-avgangen frå Oppedal, men eg forstår det som at det var ferga som gjekk motsett veg litt seinare. Skumle saker. Godt eg alltid reiser til BGO dagen før flyet skal gå.
Hva kan du si om Uroa? Er det langt vekk, sleepy og kjedelig? Vurderer et hotell der, men vi ønsker litt muligheter for å gjøre noe annet enn basseng og sjø.
Er det så mange andre muligheter på Zanzibar? Guidet tur i Stonetown, krydderplantasje og Rooftop dinner i Stonetown?
Presiserer at det gjelder små barn (4, 1 1/2), vi voksne har ingen problemer med å underholde oss selv, hvor enn det skulle være.