No står vi på Kalle Anka og ventar på at dei skal bli ferdige med å laste flatpakka møblar, surstrømming og Ahlgren’s Bilar slik at vi kan komme oss sørover. CC har tatt bestilling på mat. Det vert kyllingsuppe og biff. Champagnen er god og heiter Victorie. Eg har fått meg tre glas til no, og skal ha etiopisk øl til maten. Eg er jammen usikker på om eg har smakt afrikansk øl før.
Då var eg på plass i loungen på ADD. Veldig fin lounge med mykje god mat og bra med folk. Dusj og røykerom for dei som driv med slikt. Eg driv berre med fyrstnemnde. Neste flight boardar rett utanfor loungen. To timar vestover mot EBB. Flighten nedover var bra. Eg sov som ein prest sjølv om setet ikkje gjekk heilt ned. Maten var og veldig god, sjølv om biffen var «well done». No er det frukt og kaffi til frukost før avgang vidare. På EBB skal eg få meg visum og sjekke inn hjå Kenya Airways før eg går til loungen og får meg ein dusj. Litt for knapt med tid her.
Flyet nærmar seg Entebbe flyplass. ET flyr 787 på denne strekninga og. Fire herremenn og ei kone i denne kabinen. No spørs det korleis det går med visum. Får eg komme vidare eller får eg beskjed om å pelle både meg og pikkpakket heim til Naustdal? Ingen sa noko i gaten på ADD, so vi får håpe det går bra. Dei neste flightane er for øvrig med Kenya sine E190 med 2-1 config.
Er det ADD på returen også? Anbefaler deg å ta en kopp eller to. Kanskje litt sent nå, men på dagflighter ut av ADD får man etiopisk mat av god kvalitet. Absolutt noe en kar fra Naustdal bør prøve og snakke om i bygda. Om du først er inne på Florøida, så er vel Naustdal Naussau?
Då er omsider Airalo begynt å virke. I loungen på EBB går det med ymse drikkevarer. Kelneren er absolutt på tilbodssida med vinen. 1t15 min til flyet til Nairobi.
På tide med ei oppdatering frå ZNZ. Det vart ein kort layover på NBO i går. Eg rakk ei øl i loungen og kom akkurat til gate då businesspassasjerane fekk beskjed om å pelle seg inn på flyet til ZNZ. Etter to flightar intra Afrika med Kenya Airways og ein med Ethiopian må eg nok dessverre konkludere med at Ethiopian er nokre hakk over. 787 mot E190 er urettvise odds, sjølv om KQ sitt crew er flinke og ivrige med champagnesjenkinga.
Litt bileter frå flyturen nedover. På ADD såg eg ein kar som stod og lata vatnet utanfor flyet. Det gjorde seg sikkert. Elles har eg lagt merke til at traktorar er godt brukte hjelpemiddel på flyplassane her nede. Eg burde kanskje starta ein tråd om flyplasstraktorar? Det fyrste bildet er frå EBB, det andre frå NBO. Dei ser ut til å vere omlag av same kaliber som grådtassen eg har i gjødselkjellaren heime i Naustdal, men vil tru dei er nokre hakk kraftigare.
Traktor er då ikkje so eksotisk! Vi skal ikkje lengre enn til Bringeland for å oppleve det! Der går det ein Ferguson industri, men den er stort sett berre ute på tur for å slepe inn kveldsflyet som overnatta der. Du får fyre i gong tråden, so får vi sjå kven av oss som er fyrst ut med å dokumentere den!
Pushback-traktorer ble kalt det samme når jeg jobbet i SGS for mange år siden. Vi hadde også en gammel en som hadde en slags traktorform. Men de som kom på tidlig 2000? og er vanlige å se (de røde) ser jo litt kulere ut enn en vanlig traktor
Då er det på tide med heimtur. Eg er omsider komen meg til loungen på Entebbe. Her lurte loungepersonalet på om eg skulle ha øl i dag og. Som om eg skulle ha konsumert særleg med øl sist… høhø Ellers må eg skryte litt av Kenya Airways sitt softprodukt. Betre flightar i E190 har eg aldri hatt. Rikelig med champagne og velsmakande mat, men det er no ein gong E190.
Eg har dessverre veldig lite å melde om Brussel Airlines. Alt eg fekk gjort om bord var å leite etter litt bonusbillettar medan vi endå stod på bakken. Etter at setebelteljoset var slått av la eg meg til å sove, vakna ikkje før eg merka at nemnde ljos var kome på att fordi vi nærma oss landing i byen der kyrene ikkje seier "mø" som i Norge, men "Euuuuuu!". Eg fekk ei eske sjokolade som eg la i handbagasjen, men smakte ikkje på verken vått eller tørt om bord. Sikkerheitskontrollen etter flyet var forferdelig omstendelig. Ei streng dame gjekk igjennom baggen min etter at eg hadde stått og venta i ei lita evigheit. Ho sende mesteparten av den gjennom scannaren på nytt, men eg kom omsider til lougen ein god time etter landing. Dragen kunne meddele at SAS-passasjerar med status slepp inn her sjølv etter allianseskiftet, men ho bemerka at det berre gjeld når vi flyr SAS. Elles er The Loft ein pen lounge, med ok frukostservering, Eggerøre, bacon, bønner og diverse franske bakevarer. Det er mi fyrste vitjing her, so eg veit ikkje korleis serveringa er utover dagen. Dusjane var forresten fantastiske.
Dette er jeg enig i ....jeg hadde to flygninger (samme fly) med Kenya Airways E 190! ZNZ -NBO og NBO-SEZ .... veldig bra service.
Absolutt! Synd firmaet eg jobbar i ikkje lenger er hovudaksjonær i Widerøe med sjefen min som styremedlem. Hadde vi framleis vore det hadde eg nok måtte tatt meg ein alvorsprat med han når eg er attende på kontoret.