Sommar og sol i Asia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 26. juli 2026.

  1. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Då er det omsider underskrivne sin tur til å reise på sommarferie. Excelark og epostar er pakka vekk, og eg er klar for å fly litt. Ungar og madammen er reist i forvegen. Dei vitjar eit søskenbarn av ho i El Nido på Filippinene.

    Det vart litt styr med å finne bonusbillettar til BGO heimover, so SVG vert avreiseflyplass denne gongen. Vestlandet må jammen vere populært når det er lettare å finne bonusbillettar med AF i C til ICN enn SAS i øko til BGO. Jaja.

    I dag skal eg fly SVG-CPH-CDG-ICN. To fyrste legs med SAS X, deretter AF C i A350. I motsetning til @Ololsen fekk eg ikkje valgt sete verken via app, nettside eller telefon, so det blir 6D på meg til ICN. Førebels utan sidemann.

    No sit eg og ventar på at North Sea Lounge skal opne slik at eg kan få dagens andre frukost ned i systemet.
     
    Kvalvaag, Kristian, jocke and 31 others like this.
  2. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    På plass i 11A på fyrste etappe. Lite loungetid der. Blir å gå rett vidare til gaten for flight vidare til CDG.

    Er reisebrevet blitt dagstråd? :D
     
    Kristian, geddi, Earl and 9 others like this.
  3. haifinn

    haifinn If u are bored flying, your standards are too low

    Innlegg:
    2,076
    Likes mottatt:
    19,477
    Bonuspoeng:
    183
    God tur ja ;)
     
    Sunnfjordingen liker dette
  4. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Vel framme i loungen på CPH. Ein kjapp tredjefrukost før eg skal «rusle til gate», som det heiter på bonusnissisk.

    IMG_2412.jpeg IMG_2412.jpeg
     
    Kvalvaag, Kristian, jocke and 17 others like this.
  5. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,928
    Likes mottatt:
    890,788
    Bonuspoeng:
    293
    Halvveis egotripp.. det må jo være bra.
    Det er sikkert malaria på Filippinene..
     
  6. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    989
    Likes mottatt:
    4,991
    Bonuspoeng:
    93
    God tur, dette blir bra!
     
    Sunnfjordingen liker dette
  7. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Vel på plass i Air France-kantine på 2E (M-gates).

    IMG_2420.jpeg

    Ikkje all verdens matutval, men det er godt!
     
    Kvalvaag, Kristian, jocke and 18 others like this.
  8. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Det måtte forresten to bussturar og rikelig med venting til for å komme hit frå 2D. Godt å få slappa av litt no før 12t i lufta
     
    Kristian, Earl, EndreD and 4 others like this.
  9. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Då er eg omsider om bord. Fin kabin, med dører inn til kvart sete.

    IMG_2439.jpeg IMG_2438.jpeg

    Mykje almue som går gjennom kabinen no. Vonar vi får velkomstdram snart.
     
    Kvalvaag, Kristian, jocke and 27 others like this.
  10. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Menyen om bord. Eg har førehandstinga Donald Duck lasagne.

    IMG_2443.jpeg IMG_2442.jpeg
     
    Kvalvaag, Kristian, jocke and 21 others like this.
  11. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Komme til han far!

    IMG_2444.jpeg
     
    Kristian, Kalsnes, jocke and 20 others like this.
  12. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Glas nummer fire klar for konsum.

    IMG_2450.jpeg
     
    Kvalvaag, Kristian, jocke and 18 others like this.
  13. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,928
    Likes mottatt:
    890,788
    Bonuspoeng:
    293
    Før du er i luften?
     
    Kristian, DJasko and Sunnfjordingen like this.
  14. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Vi er på god veg i austerled. Kartet seier vi er sør i Svartehavet.
     
    Kristian liker dette
  15. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Armagnac (kjøpebrennevin) og kake til dessert.

    IMG_2452.jpeg
     
    Kvalvaag, Kristian, jocke and 20 others like this.
  16. Ololsen

    Ololsen Senior Medlem

    Innlegg:
    1,314
    Likes mottatt:
    11,347
    Bonuspoeng:
    183
    Donald Duck lasagnen til Air France har jeg smakt. Var nydelig over til Canada i fjor: God tur:
    and.jpg
     
    Kristian, jocke, Henrik and 9 others like this.
  17. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein måndag utan posting er eg no på plass ved gate på MNL. Klar for siste etappe til PPS med PR.

    Måndagen i Korea gjekk med til å sove litt på hotellet og å vase litt rundt. Eg drog ikkje inn til Seoul, men holdt med i Incheon. Nærare bestemt Songdo. Ein vakker og moderne plass. Eg gjekk gjennom ein park dei kallar Central Park. Oppfinsamt.

    IMG_2514.jpeg IMG_2513.jpeg IMG_2512.jpeg

    Rusleturen vart avslutta med fritert kylling og øl rett ved hotellet før eg køya.
     
    Last edited: 28. juli 2026
    Kvalvaag, Kristian, Kalsnes and 24 others like this.
  18. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    Tysdagen starta brutalt tidleg. Før folket heime i kongeriket hadde avslutta måndagen var eg oppe og på veg mot ICN. Det vart spicy brisket soup til frukost, med ris, kimchi og ymse anna godt.

    IMG_2515.jpeg

    Deretter bar det ombord til PR og kjøpebillett i økonomi. Det vart røft samanlikna med AF C. Eg havna midt inne blant ein gjeng pratesjuke og flatulente (!) misjonøser som og skulle til PPS via MNL. Om lag ein time ut i flighten tilbydde CC meg å flytte åtte rader fram sidan eg reiste åleine og den rada var ledig. Det gjorde godt.

    Litt seinare måtte eg på toalettet, og sidan det framme var reservert for dei eleverte måtte eg vandre bakover forbi radene med misjonøser. Skal ein dømme etter odøren var minst ei av dei framleis flatuløs. Jaja.

    No er eg og nemnde misjonøser på plass veg gate 11. Avgang om ein time. Vi får håpe luftplagene deira er eit tilbakelagt kapittel.
     
    Kvalvaag, Kristian, Kalsnes and 27 others like this.
  19. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,281
    Likes mottatt:
    30,087
    Bonuspoeng:
    293
    På plass på siste flight. Deler rad med fire misjonøser frå Korea og ein ung lokal mann. Vi får tru misjonøsene har fått ut sine indre demonar no, slik at flighten til PPS kan gå kristleg føre seg.
     
    Kristian, jocke, Sonictravel and 15 others like this.
  20. jgroneng

    jgroneng Fastboende

    Innlegg:
    5,674
    Likes mottatt:
    20,666
    Bonuspoeng:
    293
    Huff, det så jo ut som en skikkelig trist frokost….
     

Del denne siden