Når eg åt frukost i dag så savna eg allereie den lette puddersnoen. Den dala så fint ned medan eg åt dei porsjerte egga mine, ja det er ganske bra frukost på Ana Crowne Plaza Chitose. Opplevd liknande på andre Crowne Plaza hotell i Japan. Diverre ingen bilder, tankane vandra til snøen. Typiske Japanske business hotell så er jo frukost sorgens kapittel. Ellers lite å melde frå NH til HND bak gardina, vel utanom at dei ikkje kunne sjekke bagasjen min når det var overnight på HND Var NH reglement Så måtte finne bagasjelagring, den åpnar ikkje før 08:00 i morgo. Flyet går 10:00 men det går vel fint får ein tru. Når det var gjort så var det Keiku airport line til Shinagawa station, på visse «gates» så kan ein no «tappe» MC funka ikkje men Amex funka.
Veldig gøy å lese reisebrevet! Hadde selv en booking (1 natt ) til CTS i september 2024, men endte opp med en natt på Okinawa i stedet. Opplevde lite slakk med NH fra OKA til OSL (OKA-KIX-BKK-OSL) (8t layover i BKK). De ville ikke sjekke baggen inn helt til OSL fordi BKK-OSL-flighten hadde avgang neste dag (00:05 tror jeg det var ).
Veit ikkje så mykje du hadde fått sett/gjort på 1natt. Det er jo eit lite stykke inn til Sapporo sentrum. Maten bør vera bra på Okinawa au vil eg tru. Men kan jo hende fisken kjem frå Hokkaido likevel….
Ankomst Tokyo fekk sjekka inn på IC the Strings som ligg vegg i vegg med Shinagawa station. Eg er diamond ambassador så har litt perks, rommet vart booka for 66000 IHG poeng som eg trur er ganske bra value. Usikker på om det var rom oppgradering eller lounge passet mitt som ga tilgang til loungen. Hadde tima ting perfekt til afternoon tea, bilde av rom + utsikt frå rom + loungen.
Så var det tid for litt «runsightseeing» eg er jo som sikkert fleire har fått med seg glad i fysisk aktivitet, så syns det er fantastisk å løpe i ein by så får ein sett ting samtidig. Blei 19km forbi Tokyo tower så rundt Imperial Palace, fekk då sett Tokyo tower både i dagslys og kveldstid. Så rakk ein då tilbake til evening cocktails i loungen, dei serverer ekte champagne. (Telmont) Dette er eit veldig bra hotell, vertfall når ein har status. Lokasjon er perfekt spesielt ved layovers.
Avslutta kvelden med å bruke drinkvoucheren min, så var det Teppanyaki. Her fekk eg prosecco, fyst så søtt og uten tekstur når ein gjekk ned frå Telmont Champagne. Dette livet har gjort meg litt kresen, er ingen stor drikkar men blitt særs glad i bobler. Denne «hobbyen» har øydelagt meg Hadde ein salat, wagyu sirloin, garlic rice + dessert. Hadde ein haug med $20USD vouchers eg kunne bruke, 120gram for 10000yen er ikkje akkurat billig. Så har ein ikkje vouchers så hadde eg nok reist på Yakiniku, men Teppan er som regel dyrare.
Hadde egentleg tenkt å besøke ein bar som heiter Bar Centifolia, der ein av Japans beste bartenderar jobbar. Men umogleg å få bord vertfall på kort varsel ein fredagskveld. Neste gong så får ein planlegge litt betre. Rakk ein kjapp frukost før avreise med Keiku line, bagasje oppbevaringa åpna uansett ikkje før 08:00. Gadd ikkje bestille eggs benny sidan eg tenkte at det fekk eg i suite loungen…. Faktisk ganske fullt og kun ståplass på keiku line denne laurdags morgonen, tenkte det var lite folk ein laurdag men. Venta på at bagasje lagringa skulle åpne, den åpna heldigvis litt før 8. Så da var det å komme seg i andre enden og ta heisen til 3.etasje med skibaggen. Der skulle vise seg at dei no hadde egen innsjekk for first + ana diamond. Blei godt ivaretatt, bagasjen sjekka heile vegen og personalet blei med meg til oversize bagasje levering. Raskt gjennom priority security + immigration, samme for både biz, first a*gold. Fant loungen, usikker på om eg flaug frå T3 sist eller om dei har pussa opp? No var det egen etasje med restaurant, så lounge med bar oppe. Bra utvalg på menyen, men ingen eggs benny Blei ramen istaden, er jo i overkant glad i ramen. Av bobler så var det Telmont her også. Så gjekk eg opp til baren for litt cocktail og mocktail, den med bær såg sabla god ut på bilde så måtte prøve. Bilde laug ikkje, det vart lagt sjel i begge cocktails. Sjå etter slik gate for tapping med amex på keiku line.
På plass ved gate ca 10min før boarding, boarding startar som vanleg på tid i Japan. Dagens fuggel Kjekt å ta til venstre Kabinen før den blei full, usikker på om me blei 7 eller 8. Det var mange ledige sete i dagane før, så tippar på last minute upgrades. Trur dette var Charles Pokemon sikkerhetsvideo Tokyo og Fuji-San, vakkert fjell
Starta med amuse og Krug, bedre smakar no enn ut frå LHR. Vidare på røkt tunfisk og biff tartar med noko snøkrabbekjøttmiks, quinoa. Dette smaka heilt fantastisk godt. Det er jo vakkert å sjå på også. Usikker på kor quinoa kom inn, men kanskje den er miksa med krabbekjøttet?
Neste vart sashimi frå Japanske menyen, frå ein som ikkje likte sushi for nokon år sidan så er det no spesielt tunfisken som er favoritten. Salat Deretter wagyu, det er sjukt at dei serverar dette på fly Det var nok meir medium enn medium-rare, kanskje medium-rare + men smakte heilt nydeleg både kjøtt, saus og tilbehør. Med eit glas raud frå Bordeaux til. Eddie the eagle var selskap, så litt irish cake. God men ikkje fantastisk. Beklagar dårlig bilde av desserten. Så vart det å ha på kartet mens ein las siste Harry Hole boka, dei passa på at eg hadde Krug. Fekk au vanleg vinglass p.g.a turbulens foretrekker der kvar gong på bobler istadenfor smale glass så det vart slik. Me flaug nordleg rute over Alaska og Grønnland, som jau er mykje diskutert om dagen…. Meir oppdatering seinare, men må sjekke ut og komme meg på Elizabeth line no.
Fekk spørsmål eit par gonger mens eg las om eg ville ha meir mat. Sa eg ville lese ferdig først, istadenfor å velge quick bites frå menyen så hadde dei igjen hovedretten frå den Japanske menyen. Fisken var pomfret, havbrasme med miso saus. Miso suppe på sida, pickles og nokon utruleg vakre småbitar med snacks. Dei er så utruleg gode på umami i Japan, fantastiske smaksammensetningar. Eg skraut av maten, samt det Japanske kjøkkenet generelt. Fekk spørsmål om eg ikkje ville smake litt Sake, jaudå det kan eg vel. Ho meinte at sashimi var godt med sake og dei hadde igjen 1sett, fekk også ein annan appetizer. Etter dette så fekk eg meg 2-3 timar søvn, klokka var bare 8 lokal tid men fekk kanskje 2timar. Men «All good things must come to an end» så det vart touchdown i London. Denne flighten kunne vært nokon timar til for min del Takka for ein fin tur så var det bare og komme seg på Elizabeth line inn til byen.