Reisebrev: Helgetur for å kryssa av eit nytt land — LUX i sus og dus?

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 17. april 2026.

Tags:
  1. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,612
    Likes mottatt:
    887,685
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig som alltid @Kristian
    Må vi ha noe kort eller noe for å reise kollektivt?
     
    Kristian liker dette
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Heimtur i passkrisemodus
    I løpet av dagen oppdaga eg at passet mitt var borte. Eg ringde hotellet som var kjempeålreite og lova å leita ein ekstra gong. Det var utan hell. Sidan eg har planlagt reiser allereie i mai og passkøene heime i Noreg er like lange som den samanlagt rekka av avisartiklar om Trumps gjeremål så var eit bortkome pass ein aldri så liten ulempe.

    Etter å ha tenkt og fundert på meg blåknute på hjernebarken så fann eg ut at eg berre måtte innsjå at passet var tapt. Med den konklusjonen reiste vi ut til flyplassen, men no skulle nervane verkeleg få køyrt seg!

    Kva trur du, kjære lesar, at eg måtte visa for å få ombordstigingskort (Luxembourg-Findel har ikkje innsjekkingsautomatar, berre skrankar)? Jo, eg vart stilt til veggs med krav om ID-kort, altså pass eller nasjonalt ID-kort. Statens vegvesens rosa førarkort var slett ikkje godt nok!

    Skulle eg ikkje få eit gjensyn med EI-FPW som hadde frakta meg frå Kastrup til Findel og som no var på veg for å henta meg? Herregud, så nervøs eg var! Eg ville jo berre heim og hadde nyss mista passet.... Og nei, eg hadde ikkje nokon fotostatkopi eller avfotografering av det... Korleis skulle eg koma meg om bord og heim?

    Screenshot_20260419_193548_Flightradar24.jpg
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Neidå, her er det berre å tusla om bord, ingen app, ingen kort, veldig enkelt i så måte!
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, nei, her kan tydelegvis det meste skje! :D:eek:
     
  5. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    7,405
    Likes mottatt:
    24,279
    Bonuspoeng:
    293
    Kom du deg hjem?
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Mannen i skranken var veldig i tvil om han kunne la meg få gå gjennom sikkerheitskontrollen utan gyldig ID fordi han var redd eg ikkje ville få gå om bord i flyet då det var eit krav om å framvisa ID der ved utgangen. Ganske fortvilt sa eg igjen at førarkortet var det einaste eg hadde og under tvil fekk eg gå vidare, men eg måtte rekna med å bli nekta ombordstiging.

    Hadde eg vore typen som brukte digitalt ombordstigingskort så hadde eg ikkje behøvd å argumentera med skrankemannen, men eg liker ombordstigingskort på papir, så her skapte eg meg eit ekstra problem.

    Til min store skrekk oppdaga eg at C-billett med SAS ikkje gir tilgang til fast track på LUX. Så då møtte eg inn i bermekøa. Nervane var allereie tynnslitte og eg visste ikkje om eg psykososialt var i stand til å takla plebeiarane.

    Køa inn til sikkerheitskontrollen var like lang som vinteren på Svalbard, men heldigvis kom vi oss igjennom tidsnok til å få litt tid i ein elles stusseleg lounge. Det skal seiast at ingen av oss var spesielt svoltne og eg tenkte berre på pass.

    Til slutt var tidspunktet for dommedag der, SAS var på plass og ombordstiginga skulle straks byrja. Med hjarta i halsen og den store skjelven i knehasane vakla eg fram i mot dokumentsjekksmannen. Skulle eg no bli dømt tll evig fortaping i LUX eller skulle eg få koma heim?
     
    Last edited: 25. april 2026
  7. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    19,735
    Likes mottatt:
    79,032
    Bonuspoeng:
    293
    For en cliffhanger!
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Svaret kjem straks!
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Kanskje eg vart i overkant dramatisk?
     
    Earl and holmen like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    Det vart tid for ombordstiging og eg trippa nervøst fram med ombordstigingskort og norsk førarkort. Utgangsvoktaren verdiga Statens vegvesens lille rosa knapt eit blikk og bad om identifikasjon. Igjen måtte eg audmjuk og skamfull fortelja om mitt bortkomne pass og fråvær av ID-kort.

    Perleportens vaktar sa til slutt at dette med ID-kort ikkje var så viktig for honom, men han frykta at eg kanskje ikkje fekk sleppa inn i Danmark med mitt norske førarkort. Då, nær sagt triumferande, meddelte eg at norsk førarkort var godkjent som ID i heile Norden. Perleportsvaktaren smilte og sa: Så bra for deg!

    20260419_193002.jpg
    Med lengsel såg eg ut på flyet mitt

    20260419_193145.jpg
    Letta såg eg ut frå flyet mitt
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,976
    Likes mottatt:
    42,233
    Bonuspoeng:
    293
    20260419_201515.jpg
    Servering frå LUX til CPH

    Litt kjedeleg servering på flyet, men eg var så letta at det hadde null å seia for humøret. Det vart ein grei tur heimover utan større dramatikk. Og passet? Det har ikkje kome til rette, men allereie neste dag fegg eg time hos politiet for nytt pass (trass i generelt ventetid på mange månader, men i Sarpsborg var det restetimar) og passet er no ferdigprodusert og på veg i posten i god tid før neste utanlandsreise i mai.

    Screenshot_20260427_202616_SAS.jpg

    Og med poenginnteninga for returen avsluttar eg reisebrevet her. Takk for at du var med på tur og heldt ut ventetida i fullføringsprosessen. Kom med spørsmål om du har :)
     
    Sonictravel, Earl, Teknolai and 11 others like this.
  12. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    19,735
    Likes mottatt:
    79,032
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen! Og godt det ordnet seg med ID!
    Luxembourg ser jo ut som en fin destinasjon for en helg. :)
     
    Kristian liker dette
  13. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,612
    Likes mottatt:
    887,685
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen fra meg og ..
    Jeg skal (sammen med en venn fra Romerike) til Luxembourg i begynnelsen av november ..
     
    Earl, Kristian and holmen like this.

Del denne siden