Det vart ein roleg ettermiddag på Flores, berre litt mat og avslapping, men det er vel det ein har ferie til? I alle fall er eg stappmett etter ein god banana split:
Ein heil dag på Flores Eigentleg skulle turfølgjet bli utvida i går, men grunna sterk vind på Flores vart den medsamansvorne vêrfast på øya Faial i bygda Horta, med nytt fly i dag. Som vanleg vakna eg tidleg, men då tok eg meg tid til litt teksting heimover, avislesing og generell sløving. Ja, dette er ein sånn ferie og, ved Gud, det har eg hatt behov for! Morgonutsikten frå hotellrommet Etter frukost køyrte eg meg ein tur til det sentrale platået på øya. Her kika eg kjapt på innsjøane Caldeira Negra (til venstre) og Caldeira Comprida til høgre: Like i nærleiken var det mogleg å gå ein tur så då gjekk eg til eg hadde Corvo (der var eg jo nettopp) i høgre synsrand, Ponta do Albernaz (der var eg første dag) litt meir i midten, og Ilhéu de Monchique (Europas vestlegaste punkt som eg såg retr før eg stakk til Corvo): Ikkje supergod sikt på fototidspunktet Vegen var ikkje veldig urban: Fint å køyra rundt på Flores
Elles har dagen så langt gått med til å gløtta litt på havet og venta på reisefølgjet. Det har fungert heilt greitt, det. No skal flyet frå Horta til Flores vera på veg, så då er det håp. Atlanteren møter Flores på stadig nye vis
Resten av dagen gjekk med til rusling og skitprat før middag. Deretter la vi ein liten slagplan for den neste dagen og vips var det snorketid. Det er fint med litt slappe dagar. Santa Cruz das Flores og Flores lufthamn
Ein dag via sørsida av Flores Neste dag la vi kursen sørover. Første stopp vart bygda Lajes das Flores. Her var vi innom kulturhuset i bygda, men det stod skilta som museum. Museet var ein krok med gamle bilete av bygda, rundt 12 stykk totalt. Det var merkeleg, men elles tusla vi rundt litt og fotograferte fyret og dei lokale rudolfane. Lajes das Flores Har du fyr, har du løkte' langs din veg Rein med slede i Lajes
Frå Lajes køyrde vi nokre kilometer vidare til Ponta Lopo Vaz. Vi vasa litt med å finna vegen først, men 'straffa' var at vi fekk litt utsikt... Ja, det er eit hardt liv! Straffeutsikt Ponta Lopo Vaz er ein tusletur ned til sjøen. Parkeringa var på 200 m.o.h. og så går ein ned til havet. Det er ikkje spesielt bratt, men tidvis småluftig. Det var ein fin tur, trass i at vi fekk føling med to korte regnskurer då dei passerte oss. Strandliv i Ponta Lopo Vaz Delar av stien på den 2 km lange strekninga
Frå Ponta Lopo Vaz var det ikkje lange turen bort til Lajedo. Her vart det nok ein rusletur, òg denne var ganske kort. No var vêret såpass rufsete at vi ikkje såg poenget med å gå altfor langt. I tillegg var underlaget delvis gjørmete, så vi avslutta turen på eit dertil eigna utsiktspunkt: Det fine med Flores er at det er mange utsiktspunkt når ein køyrer bil. Desse er merka med eit kikkertsymbol, så det er vanskeleg å ta feil av. Mange av vegane går over høgdedrag og ut på dei ytste pyntane, noko som gir mange kikkertskilt. Vi passa på å stoppa på nokre av desse: Eit bilete av Flores utan havet! Vi avslutta dagen med ein tur innom eit fossefall ikkje langt unna Fajã Grande. Eg hadde vore her før, men ikkje turfølgjet. Det er fint med litt repetisjon:
Ein dag rundt omkring på Flores Den siste heile på Azoranes vestlegaste øy vart brukt til å køyra litt rundt på øya. Vi tok oss tid til fotografering og litt rusling. Igjen starta dagen med fin utsikt frå hotellrommet: Deretter køyrde vi nordover til Ponta Delgada som tok seg pent ut i sola denne dagen. I det fjerne skimta vi Corvo: Og så må det hoppast litt:
Frå Ponta Delgada nord på Flores la vi turen sørover. Vegen vi valde var ikkje synleg på Google kart, men papirkartet viste ein tynn strek oppover fjellsida. Plutseleg var vi oppe på nesten 600 m.o.h. og kunne sjå mot fyret ved Ponta do Albernaz like ved Ponta Delgado: Fyret er ein lys prikk omtrent midt i biletet Så køyrde vi litt rundt og fotograferte litt. Flores er ganske så nydeleg. Frodig og grønt:
Til slutt tok vi turen til Fajã Grande der vi rusla ut til punktet der ein har god utsikt til Europas vestlegaste ytterkant. Det var fint vêr og rundt tjue grader: Vi slappa heilt av og såg på havet: Til slutt var klokka der at vi byrja å tenkja på refrenget. Sola kasta eit umiskjenneleg kveldsaktig lys frå seg, i alle fall følte vi for å venda tilbake til hotellet i Santa Cruz das Flores.