Mesteparten av ettermiddagen slumra eg bort, faktisk. Og det var heilt nydeleg. Då eg vakna til liv var eg litt småfysen på mat, så eg bestemte meg til slutt for å prøva restauranten på hotellet. Det vart pasta med sopp og kalvekjøt samt ein tiramisu til dessert. Det var godt og mettande! Ein stor porsjon pasta Ein mektig tiramisu
Ein dag via til nordsida av Flores Etter ein ålreit frukost på hotellet, køyrde eg nordover til Ponta Delgada (som ligg ganske langt nord på Flores). Tanken var ein roleg rusletur berre for å koma seg litt ut. Eg hadde bestemt meg for å la vêret avgjera kor mykje uteliv det skulle bli. Her ute i havgapet er det skiftande:
Det er ikkje rare stykket frå Santa Cruz til Ponta Delgada. I roleg tempo med eit par fotostopp tok køyreturen ikkje mykje over halvtimen. Vegen er asfaltert, men svingete og prega bratte opp- og nedoverbakkar.
Målet var ikkje bygda Ponta Delgada, men ein tur som går frå bygda via nordspissen og vidare rundt øya. Denne turen tok eg starten av. Flores er frodig og fint. Turen gjekk delvis langs ein omtrent trafikkfri veg og delvis ute i terrenget. Sidan eg er mannepjusk var det meir enn nok med litt loffing i sakte tempo for min del:
Etter eit par timars rusling var eg nøgd. Eg er trass alt mannepjusk, som jo er ein særs alvorleg diagnose. Det passa ganske bra å setja seg i bilen og gi seg hen 'heimover' akkurat då det byrja å regna. Skydekket vart etter kvart ganske lågt og regnet tok seg kraftig opp, men det letna litt seinare. Eg bestemte meg for å gå på kvalfangstmuseet i Santa Cruz. Det er eit museum som er mykje større enn det eg trudde det skulle vera. Det mest interessante var å læra at på Flores hadde kvalfangsten skjedd ved at ein frå observasjonstårn på land speida etter kval og så låra båtene ut på havet etter at kvalar var observert frå desse tårna på land.
Då eg kom inn frå rusletur og museumsbesøk, så konka eg ut i lenestolen på hotellrommet og snorka bort ein time eller så. Etter det var eg for lat til å leita opp ein alternativ matplass, så igjen vart det middag på hotellet. Maten var god, denne gongen gjekk eg for svinekjøt med søtpotet:
Det er nesten sånn at ein trur at ein er med på serien 'Atlantic crossing' når ein ser kor ein er. Samstundes føler eg ikkje at eg er så isolert som plasseringa kanskje skulle tilseia. Kort sagt er dette som ein tropisk versjon av Aust-Finnmark
Ein dag via til nordvestsida av Flores Vanlegvis brukar eg å vera ut av hotellrommet før ni og klar for å gripa dagen, men på denne turen har eg prøvd noko nytt: lange morgonkvistar og sein(are) start på dagen. Så etter frukost, nærmare halv elleve, tok eg turen over til nordvestsida av Flores:
Ikkje langt unna bygda Fajã Grande kom eg over Roço da Ribeira do Ferreiro, eit lite fossefall som eg synst var ganske fint å sjå til:
Det var ikkje bygda Fajã Grande som fekk hovudfokus, men, du verda, bygda ligg idyllisk til. Og trur du ikkje sola titta fram gjennom skyane, òg? Jo, sanneleg! Strandløvelivet er litt brutalt på Flores Delar av bygda Fajã Grande
Tanken var å tusla ein liten tur nordover langs vestkysten av Flores. På kartet hadde eg funne eit ytterpunkt, for å seia det slik:
Turen til dette punktet følgde merka sti og det var ikkje noko problem å finna fram. Sidan eg er litt høgdesvak vart det etter kvart litt i overkant luftig, så eg bestemte meg for å snu før eg gjekk meg fast oppi skråninga der. Det var kjempefint å gå (inntil eit visst punkt), så det var vel verdt ruslinga. Stien eg kom fra i retning Fajã Grande Stien i retning nordover — lenge før det vart for høgt ned til at eg synst det var kjekt å gå på tur her
Steinformasjonen ute i havet på biletet over er Europas vestlegaste punkt. Det var jo litt kjekt å få sjå på såpass nært hald. Og det er eit stykke til neste landkjenning når ein ser vestover forbi denne steinformasjonen:
Nesten heile dagen vart brukt i dette området. Og mykje av tida nytta eg til å berre sjå utover havet og kjenne varmen frå sola mot kroppen. Å sjå bølgjer og dønningar som bryt mot land er for meg ein slags terapi. Det vart ein fin dag, i alle fall. Fosseku? Ut mot havet
Akkurat i tide til mørkets frambrot parkerte eg ved hotellet igjen og resten av kvelden vart via middag, avislesing og avslapping. I tillegg gjorde eg klart for ei organisert nedpakking i forkant av morgondagen.
Til eit litt meir øde område Måndagen starta med ein skikkeleg regnskyll som varte i timesvis. Det formeleg rann vatn ned frå himmelen og sikten var så som så:
Allereie til etter frukosten hadde det letta såpass mykje at det regnet nær sagt var gløymt. Så eg tusla ut i bygda for å jakta postkort. Det var lettare sagt enn gjort, men til slutt fann eg det eg trong — ved flyplassen. Så tok eg meg ein dessertaktig lønsj:
Så viste det seg at eg måtte tilbake til flyplassen! Kva stod på? Jo, eg hadde fått tildelt eit oppmøtetidspunkt! Og det som førstemann: