God onsdag frå det austfinnmarkske!
Det er lite som minner om bonussanking her i dag, men i morgon er det trippeltrumf så ei handleliste må ein då få rota seg til å krote ned...
Elles er det stor jubel og hallelujastemning her i høgget fordi på FM-radioen er det liv igjen etter at Murmansk radio tok seg ein urovekkande lang nyttårsferie. Kva skal ein med DAB når ein har lyd på FM 103,6?
Til slutt, i dag kom eg over dette forbodsskiltet, men kva er ein beltemotorsykkel? Er det lov med skuter? Eg blir forvirra!
Ha ein fin dag, folkens -- med eller utan vyar!
Last edited: 13. mars 2019