Nope, det er 4kg glutenfrie havregryn, 5-10kg diverse snacks. Ellers utstyr, klær o.s.v. Dundress, 2store soveposar, klatreustyr +++ Det blir jo ein god del kg, bare påkledd på kroppen for et toppstøt. Mesteparten går vel med Yak oksar fra Lukla til base camp.
Luftwaffe leverar jo greit intra Europa, ikkje så veldig mykje og fortløe men det positive var jo at det glutenfrie måltidet vant. Vanleg måltid Glutenfritt, smakte visst bra sa madammen. Ser deg igjen om 2mnd ish Noreg Ny sjokolade? Fekk ikkje lenger den gule kjedelege. Så fekk eg ein liten bonus i juicen, den ringen frå korken flaut oppi. Crew var veldig triveleg, så gadd ikkje kommentere. Så vart det litt småsoving på veg også.
No sit me i AC loungen ved B-Gates, TK 1587 er forsinka frå IST-FRA i følge FR24 med 17min. TK1588 er då forsinka 25min i følge TripIt + AppInTheAir mens FR24 meiner 30min. Me har uansett grei tid på IST. Bør ein besøke senator på B gates? Eller er det bra her? Syns sjølv hugse at AC loungen er ein av dei betre.
TK er gode på mat! Me flaug også inn nesten heile dei tapte 50min som me var forsinka. Maten var bra, eg tok pasta madammen fekk lam. Lett sjokkert over at det ikkje var kylling eller laks til hovedrett. Vanlig starter V Gluten fri starter G Gluten fri hovedrett, lam. Madammen er ikkje kjempegla i lam. Men faktisk så var der ikkje kylling eller laks. No slappar me av i TK loungen og har treft ein annan frå Estland som me skal klatre sammen med.
Det var etterkvart klart for boarding til KTM, 30min forsinka. Vel ombord kom eg på og sjekke airtags og ser at eine baggen fortsatt er på FRA Lite eg fekk gjort med det no, kryssjekka med LH appen og stemte….. Fekk i oss mat og la oss til og sove. No var glutenfri hovedrett igjen skuffande, kvit fisk pakka inn i papir…. Kunne jo tatt seg bryet liksom. Det som er litt synd er at denne flyginga er for kort til «Candle light dinner in the sky» så ein får ikkje dessertvogna og slike ting. Vin er fortsatt småflasker, foruten Champagne som eg er usikker på kva dei serverer. Glutenfri starter Glutenfri hovedrett, veldig lite appetitelig Vanlig forrett Hovedretten, smakte heilt ok. Men var bedre mat for begge på FRA-IST Framme på KTM fann me ut at me hadde fyllt ut skjema feil så måtte på maskin for og fylle ut på nytt, får me så gikk tilbake til skranka for og betale visum. For deretter og gå til immigrasjon. Bagasjen var allerede framme når me var gjennom alt dette, - den eine baggen. Fekk fylt ut PIR rapport utan nummer ein kan søke på bagasjen. Bagasjen skulle komme den 6, sa dei. (Me landa 4) Men det går ikkje fly IST-KTM før den 6 igjen, landar den 7. Det er no bekrefta at slik blir det også, baggen har flytta seg FRA-IST i følge airtag og blir nok lasta på flyet den 6. Me skal jo fly til Lukla den 7, så legg no ny plan B. Spør litt om reiseforsikring i andre tråden. Og for meir hyppige oppdateringar inkludert video sjekk ut min Instagram konto. https://www.instagram.com/snusmumrikkenadventures/
Tvi-tvi! Det blir kjekt og spennande å følgja dykk på tur! Herrefred, det kriblar i magen min — på dykkar vegner
Det har vore noko hektisk og til dels kaotiske dagar i Katmandu. Mykje p.g.a baggen som blei lagt igjen på FRA, me har måtte kjøpe inn ein del utstyr og ting. Me hadde også lagt igjen litt elektronikk i baggen, så har måtta kjøpe inn slike ting også. Håndbagasje blei så jækla full med vanlige klede, batteribankar, batteri, medisin og dei dyre elektronikk tinga. Håpe forsikringa dekker. Utanom det har det vore utruleg kosleg og treffe på gjengen frå 8k Expeditions igjen, men helse også på ein me klatra Denali med i 2022, han skal klatre Everest med Imagine Nepal. 2andre Denali klatrerar møter me også seinare i Base Camp. I natt reiste madammen til Ramechap og fly straks til Lukla, eg fekk ikkje sove noko særleg og har følgt med på airtaggen og TK726. No har både TK726 og airtaggen landa i KTM, så då blir det og sjekke alt, litt modifikasjon av dundressar før eg flyr til Lukla i morgon. Direkte Katmandu - Lukla med Heli, eg må då gå 2dagsetapper for og hente inn dei andre og møte dei i Namche Bazar.
Skal forøvrig seiast at det er ganske sjukt og sjå sitt eget navn på permit for og klatre Sagarmatha 8848.86 8k Expedition’s har signert totalt 38stk i år, skulle vore fleire men nokon har flytta til neste år. Vår gruppe så er det 10forskjellige nasjonalitetar. Veldig bra
Dårlig og ustabilt nett, IF krever ein del ressurser. Men ja møter Frank i Base Camp, gruar meg litt. Han skal ha full sherpa support som har med oksygen til han.
Så me kom oss etterkvart begge oppover i fjellet. Madammen reiste klokka 2på natta, buss til Ramechap så med fly til Lukla. På den 20min lange flyturen så blei det servert drops, ikkje verst. Eg flaug 1.5dag seinare med helikopter direkte frå Katmandu, for og spare tid. Det var eit godt valg sidan den dagen var det alt for mykje tåke til at det hadde gått med fly. Så me flaug lågt med helikopter heile vegen. Eg var litt snurt for at eg ikkje fly, det er jo tross alt ein verdenskjent flyplass. Men godt og sleppe og stå opp klokka 01:30 på natta igjen. (Eg sto opp og sendte madammen avgarde) Helikopter turen var også veldig fin. Sydde sammen ein video på Instagram, du treng ikkje Instagram brukar for og sjå den https://www.instagram.com/reel/C5prsB9JIHV/?igsh=eW14MzZ6YW03eHV1
Lukla-Namche(3400m) 17.89 km +1255m Eg flaug som sagt inn dagen etter madammen, Heli turen min var fin, men ikkje spektakulær p.g.a lågt skydekke/skodde. Men stas og fly så nærme bakken. Madamen og gjengen hadde 1etappe frå Lukla til Phakding, dagen etter så skulle dei gå til Namche Bazar. Lodgen dei budde på i Phakding var visst veldig fin, nesten som hotell så det var synd eg gjekk glipp av det. Etter landing til Lukla takka eg nei til lunch, eg hadde ete godt med mat til frukost. Møtte beraren min, som skulle ta min «trekking bag» til Namche, ung kar ved navn Mingma Sherpa. Sherpaene får navn etter slags dag i veka dei er født. Me la i veg, det var litt av eit tempo og nær løping i nedovar bakkane. Me skippa lunch pause og tok kun nokre drikkepauser der eg dela litt snacks med han, etterkvart kobla me opp høgtalaren min og Mingma var DJ. God stemning Fantastisk og gå gjennom landsbyane har nokre kule Hyperlapse, skal dele link seinare. Det var stopp der eg måtte betale 3000NPR i ei luke, så 2000NPR i ei anna luke, så ei 3 luke og vise papira + sjekke sekken for om eg hadde drone. Litt før Namche så tok me igjen gruppa, dei var lettare sjokkert men glad for og sjå meg. Eg var glad for og sjå dei au. Så var det endå eit sjekkpunkt der me måtte vise papir før me gjekk siste biten til Namche. Me bruka totalt 5timar på dei 17.89 km +1255m til Namche Bazar på 3400m. Legg ved trekking kart nedanfor Det var ikkje mykje tid til fotostopp, då måtte eg springe for og ta igjen Mingma Men ved Hillary bridge tok med litt bilder. Frodig Her måtte eg betale Ein av mange bruer Hillary bridge i bakgrunnen Hillary bridge Mingma og eg ved Hillary Bridge
Nja, ikkje forbudt men krever masse papirarbeid. Du må ha både dronepermit + filmpermit. Kostnaden ville komme på ca 8-10 000$ Nå i ettertid så har eg fått tilfeldige bekjentskaper i Katmandu som kunne ordna det eindel billigare. Sit med følelsen at det er eindel folk som skal ha $ rundtom i systemet.
Namche Bazar var kjekt, skulle gjerne hatt litt meir tid der faktisk. Me følte oss begge bra, besøkte til og med ein bar der me skreiv oss inn på veggen. Det var «kviledag» i Namche, men då var det klart for tur til Hotel Everest view. Det var sjukt og for første gong sjå Everest, Lhotse, Ama Dablam. På veg ned igjen så gjekk med innom ein ana landsby for lunch, så retur til Namche. Det tok tid, me er ei stor gruppe også inkludert fleire som kun skal til base camp, lunch tek fort 2timar kanskje meir. Det var ikkje så klart denne dagen, men ekn ser Everest med den klassiske vindskya, Lhotse i skyene og Ama Dablam til høgre. Namche Bazar Ama Dablam Utsikt frå rommet i Namche Yeti Bar, Namche