I etterdønningane av "the troubles" — ein tur til det irske øylandskapet

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 05. aug 2025.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Hahahaha, ja vi får sjå kva skjebnegudinnene har for planar med oss framover :eek::D
     
    holmen liker dette
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Det er absolutt inga krise og eg reiser omtrent alltid med ekstra skift i handbagasjen, så det blir nok ingen storhandel på meg, gitt, men tannkremen skal BA få punga ut for :D

    Ad bagasjesporarar: ja, vi snakka om det her om dagen, men eg har berre ikkje kome så langt. Og denne gongen var det berre min koffert som ikkje kom med, så det var inga kø i bagasjehandteringsskranken.
     
    EndreD, Spielhaug, Earl and 1 other person like this.
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,209
    Likes mottatt:
    883,964
    Bonuspoeng:
    293
    Er du kommet frem til målet?
    Med eller uten baggasje..
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Det kjem, det kjem :)
    Det kjem nok helsing tilbake :)
     
    sutenai liker dette
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Det kjem ein oppdatering straks :)
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre timar i Belfast
    Som du no kanskje har skjønt så skulle vi altså ha kome fram til Belfast for to dagar sidan, men vi stranda i Manchester. I staden for å skipla om på heile planverket så bestemte vi oss for å la Belfast bli erstatta av Manchester og så reisa vidare til Derry—Londonderry som planlagt denne dagen. Då kunne vi halda oss til dei opphavelege hotellbestillingane for resten av turen.

    For å likevel få sett litt av Belfast bestemte vi oss for å via byen nokre timar mellom landing med fly og tog vidare til Derry/Londonderry. Som sagt, så gjort.

    20250806_143318.jpg
    Belfast sentrum, rådhuset
     
    Sonictravel, EndreD, Henrik and 12 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Belfast er den dag i dag sterkt prega av konflikten mellom protestantar og katolikkar, eventuelt unionistar og nasjonalistar (overforenkla sagt). Konflikten har vart i mange hundre år, men var nok på sitt valdelegaste i perioden 1968—1998. Dette preger bybiletet m.a. rundt Divis street som var eit utprega separatisttilhengjarområde.

    20250806_160343.jpg
    Bustadblokk ved Divis street, Belfast

    20250806_163753.jpg
    Bobby Sands minneportrett

    20250806_160954.jpg
    Eit snev av politisk bodskap?
     
    Last edited: 10. aug 2025
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    No kunne eg ha delt ein del fleire bilete frå området rundt Divis street, men eg trur du, kjære lesar, har skjønt teikinga. Derimot legg eg ved eit forsøk på kortfatta samandrag av konflikten som har råka Nord-Irland hardt heilt opp til vår tid:

    Belfast, Nord-Irland – ein kort historisk bakgrunn
    Det har budd folk ved munningane av elvene Lagan og Farset sidan bronsealderen, men Belfast fekk ikkje rettar som ein by før i år 1613. Belfast har vore hovudstad i Nord-Irland sidan delinga i 1921. I dag har byen rundt 350 000 innbyggjarar, men i storbyområdet rundt den nord-irske hovudstaden bur det totalt 680 000 personar.

    På 1600-talet vaks Belfast kraftig som følgje av at protestantar innvandra frå Skotland, Wales og delvis England. På 1700-talet kom det òg ei større mengde hugenottar (franske protestantar) til byen. På denne måten vart Belfast ei protestantisk høgborg i Irland.

    Hugenottane etablerte den eldste industrigreina i Belfast, linindustrien. Frå 1700-talet har det òg vore ein omfattande skipsverftsindustri i Belfast. Industrialiseringa stagga til ein viss grad utvandringa til Amerika samanlikna med andre stader på den irske øya.

    I industrien skulle unionistane (i hovudsak protestantar og tilhengjarar av unionen med Storbritannia) og nasjonalistane (i hovudsak katolikkar og tilhengjarar av eit samla Irland) få tildelt ulike rollar som skjerpa konfliktlinene ved at den nasjonalistiske arbeidarklassen delvis vart ei reservearbeidskraft som hadde arbeid i gode tider, men fekk fyken så fort industrien gjekk inn i nedgangstider.

    Forsøk på politiske reformar blant unionistane på 1960-talet førte ikkje fram og vart brutalt slått ned. Dette leia i sin tur til ein valdeleg periode og væpna konflikt som varte i tretti år frå 1968 til 1998 då langfredagsavtalen vart signert. Sentral i denne perioden var Den irske republikanske hæren (IRA).

    I dag er denne konflikten framleis tydeleg med sentrum av Belfast som ein «nøytral» sone med handel og institusjonar som blir nytta både av unionistar og nasjonalistar. Vest-Belfast er nasjonalistland med unnatak av området rundt Shankill road som er unionistisk. Aust-Belfast er for det meste unionistisk, men Short Strand er eit lite unnatak.

    20250806_173224.jpg
    Neste stopp: Derry—Londonderry
     
    OttoL, Teknolai, Sonictravel and 14 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Derry/Londonderry — endeleg i rute
    Togturen frå Belfast til Derry—Londonderry skjedde utan dramatikk, sånn minus fem passasjeralarmutløysingar i ei av vognene, men det gjekk fint. Toget var i rute og dermed tok turen 2 timar og 12 minutt, som forventa.

    20250806_213528.jpg
    Derry Girls helsa oss velkomen!

    Vi rusla oss ein kort runde i byen før vi tok kvelden etter ein nokså lang reisedag.

    20250806_214036.jpg
    Mange kyrkjer i Derry—Londonderry, dette er St. Columbs church
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    20250807_074133.jpg

    Derry/Londonderry vart hardt råka av konflikten i Nord-Irland. Du har kanskje høyrt songen "Bloody Sunday" av U2? Eller høyrt om den blodige sundagen? Eller slaget om Bogside? Derry er der det skjedde:

    Derry (Londonderry) – ein kort historisk bakgrunn
    Byen ligg på ein av dei stadene i Irland med lengst kontinuerleg busetnad og det har budd folk her på breiddene av elva Foyle i tusenvis av år. I dag er byen den nest største i Nord-Irland med 83 000 innbyggjarar.

    Frå 600-talet til 1000-talet var det for det meste ei busetjing knytt til eit kloster grunnlagt av St. Columba. Etter kvart som det engelsk-walisiske kongehuset Tudor erobra meir og meir av Irland vart Derry (Londonderry) stadig meir strategisk viktig. I 1619 stod ein bymur ferdig for å verna dei engelske kolonistane mot irske opprørarar. Bymuren er den dag i dag komplett med cirka to kilometer i omkrins og høgder frå tre til ti meter.

    Med industrialiseringa på 1700-talet vart tekstilindustrien stor, m.a. skjorteframstilling for eksport til heile verda frå 1831. I nyare tid har telefonsenter og digitale næringar etablert seg i Derry (Londonderry) grunna delvis rimeleg arbeidskraft og gunstige skattereglar.

    Litt om bakgrunnen for namnet på byen
    Namnet på byen har vore ei kjelde til splid. Namnestriden heng tett saman med det som til slutt vart ein valdeleg periode og væpna konflikt mellom protestantar og katolikkar som varte i tretti år frå 1968 til 1998 då langfredagsavtalen vart signert. Av mange er byen rekna som staden der alt starta med slaget ved Bogside i 1969. Den blodige sundagen fann stad i Derry (Londonderry) i 1972, i same området som slaget ved Bogside.

    Det offisielle namnet er Londonderry, men Derry – ei anglofisering av det irske ordet for eiketre, Daire eller Doire – er vel så mykje brukt. På 1600-talet vart engelske og skotske protestantar tildelt eigedommar i området Ulster nord i Irland. Desse skulle visa sin lojalitet til den engelske kongen og Derry fekk då namnet Londonderry.

    Fram til 1960-talet vart Derry brukt i uformell tale av nesten alle i Nord-Irland, medan det offisielle namnet vart verande Londonderry. I dag er namnet ein slags markør for politisk tilhøyrsle, ein sjibbolett: Unionistane (i hovudsak protestantar og tilhengjarar av unionen med Storbritannia) føretrekkjer Londonderry, medan nasjonalistane (i hovudsak katolikkar og tilhengjarar av eit samla Irland) helst brukar Derry.

    Eit kongeleg fridomsbrev frå 1662 slår fast at Londonderry er det offisielle namnet, noko som vart slått fast av Høgsterett i Storbritannia i 2007. Samstundes har lokale styresmakter i form av distriktsrådet brukt Derry i offisielle nemningar frå 1984.
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Dagen vart via m.a. rusling i nabolaget der støtta til lausriving frå Storbritannia står sterkast. Her ligg det to museum. Det eine er Peacemakers museum og det andre er Museum of Free Derry.

    Peacemakers museum er eit museum med infernalsk mykje tekst på veggane, men dei har òg videosnuttar via til hendingane i perioden 1968—2007. Her fortel personar frå Derry som på eit eller anna vis var involvert i konflikten om sine opplevingar. Desse vidoane er litt lange, men veldig verdt å sjå, syntest vi.

    Museum of Free Derry var litt meir folksamt og litt mindre interessant for min del. Det var òg her veldig mykje tekst på veggane, som jo er veldig informativt, men eg vart litt slått i bakken over mengda.

    Det kan verka som om konflikten om Nord-Irlands status er allestadsnærverande i Derry med veggmåleri, flagg og anna. Samstundes verkar alt til å vera fredeleg i dag, og det er jo no lenge sidan det var samanstøytar mellom nasjonalistar og unionistar.

    20250807_074133.jpg
    Slaget ved Bogside og Bloody Sunday skjedde her

    20250807_074614.jpg
    Ingen tvil om politisk standpunkt her

    20250807_074249.jpg
    Irish Republican Army blir heidra på ein lyktestolpe
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Unionistane bur tydelegvis på andre sida av byen. Der rusla vi ikkje like mykje rundt, men vi fekk eit overblikk:
    20250807_194107.jpg
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Utover å grava oss ned i 'the troubles' så var vi innom rådhuset og rusla litt oppå bymuren rundt Derry. Derry er den byen i Irland der festningsverket rundt byen er best ivaretatt. Muren er frå 1618.

    20250807_174009.jpg
    Rådhuset i Derry—Londonderry

    20250807_193758.jpg
    Utsikt frå muren

    20250807_193739.jpg
    Murvandring

    20250807_194639.jpg
    St. Columb-kyrkja

    20250807_195223.jpg
    Murvandring
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Eg synst Derry—Londonderry er ein fin by som det er verdt å gjesta. Hadde eg hatt meir tid, så hadde kanskje ein tur ut i naturen rundt byen vore attråverdig, òg.

    20250807_195417.jpg
    Utsikt over Bogside m.m. i Londonderry
     
  15. sday

    sday EBG, Avis pres, Hertz pres,Sixt Plat

    Innlegg:
    280
    Likes mottatt:
    283
    Bonuspoeng:
    63
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    sday liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Frå nord til sør på den irske øya
    Neste dag bestemte vi oss for å ta nokre timars stopp i Belfast på veg mot Dublin. Planen var å ta turen innom Titanic-museet, men ingen av oss tenkte på at her måtte ein ha førehandsbestilt inngangsbillett på spesifikt klokkeslett, så då vi kom fram dit var det fullt for dagen. Pytt-pytt!

    Toget frå Derry—Londonderry til Belfast var på sekundet i rute og brukte altså rett over to timar. Det same gjorde toget frå Belfast til Dublin, òg dette toget var i rute.

    20250808_102208.jpg
    Toget på veg inn mot stasjonen i Derry

    20250808_141512.jpg
    Veggmåleri i Belfast

    20250808_155228.jpg
    Titanic-museet frå utsida

    20250808_154136.jpg
    Ville du følt deg trygg om bord her? (Titanic boat tours)
     
    Earl, Teknolai, Eddie47 and 14 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Ein dag i Dublin
    Den irske hovudstaden var mykje meir støyande og folksam enn ved sist besøk. For nokre år sidan var eg i Dublin i mai månad, som jo forklårer kvifor det var mykje meir folk her no i august. Og dermed òg lydnivået.

    Etter ein joggetur på morgonen gjekk turen gatelangs rundt omkring i Dublin. Det er jo ein ålreit by å tusla rundt i, men folkemengdane no gjorde at det vart litt slitsamt. No kunne eg ha vore flinkare til å finna nye gater, då, så eg er nok mest skuldig sjølv.

    Etter denne turen føler eg meg ferdig med Irland, eigentleg, med mindre det blir snakk om å køyra langs vestkysten og leggja inn nokre fjellturar undervegs. Eg har nemleg fått nyss om "The wild Atlantic road", men det får bli eit stykke inn i framtida.

    20250809_163901.jpg
    Trinity college i Dublin

    20250809_153008.jpg
    Elva gjennom Dublin sentrum

    20250809_202736.jpg
    Bydelen Temple Bar i Dublin sentrum
     
    Earl, Calling, Eddie47 and 11 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Tilbake til gamlelandet
    Heilt til det siste frykta eg krøll med flyginga heim frå Dublin til Gardermoen, men det gjekk heilt fint. Ein kan jo bli rørt av mindre!

    Sjølve flyturen var heilt ordinær i europeisk kontekst, men Dublin flyplass er ingen koseleg stad å vera lenge. For det første er dette ein flyplass som reiser med SAS ikkje gir loungetilgang på. For det andre er det var det veldig mykje folk her. Heldigvis hadde eg skjønt dette på førehand og minimert tida på flyplassen.

    20250810_112848.jpg
    Diverse fly på Dublin flyplass

    20250810_113940.jpg
    SAS frakta oss heim

    Og med dette takkar eg for følgjet og ønskjer alle ein god sommar vidare :)
     
    Earl, OttoL, Calling and 15 others like this.
  20. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    19,285
    Likes mottatt:
    75,532
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen, selv om den ble litt annerledes enn den skulle. :)
     
    Kristian liker dette

Del denne siden