I etterdønningane av "the troubles" — ein tur til det irske øylandskapet

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 05. aug 2025.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20250805_064806_Opera.jpg
    Planlagt flyrute første reisedag

    Årets sommarferietur vart lagt til Belfast, Londonderry/Derry og Dublin. Dei to førstnemnde byane var upløyd mark for meg, medan alle tre var terra inkognito for den betre halvdelen.

    Planen var å læra litt meir om konflikten i Nord-Irland som har herja i så mange år, denne er på engelsk kjent som 'the troubles' og prega livet og nyhendebiletet frå 1968 til 1998.

    Så langt har ikkje reisa gått heilt som planlagt. Velkomen til reisebrev!
     
    EndreD, Flymunda, ordnetseg and 12 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    20250804_103507.jpg
    Dagens første fugl!

    Ein tur innom gullstova må til
    Avreise frå Gardermoen skjedde i rute og med SAS Connect. SK4607 skulle ta oss til Manchester der vi skulle bytta til neste fly. Meir om det litt seinare.

    Gullstova hadde frukostservering fram til litt over kl. 10 og det passa fint fordi på morgonkvisten heime vart matinntak droppa til fordel for tid til pakking.

    Som fleire andre her inne har kommentert, så synst eg òg at kvaliteten på maten i SAS-loungane har betra seg litt. Det er jo koseleg!
     
    Last edited: 05. aug 2025
    NorFlight, EndreD, Flymunda and 16 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Første flyging: OSL—MAN
    Flyturen til Manchester gjekk heilt i rute og var veldig typisk SAS. No var flyginga operert av SAS Connect (opphaveleg namn var vel SAS Ireland, var det ikkje?).

    Det skal seiast, SAS serverte ikkje laks, men kylling i dag. Det var jo ei triveleg avveksling.

    Tilbodet frå tralla var elles som vanleg og dei to konfektbitane kom etter kvart. Hugsar vi den tida då det var tre konfektsjokoladar? Akk...

    20250804_114658.jpg
    Servering i SAS Plus frå OSL til MAN
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Mellomlanding i Manchester
    Vi landa eit kvarter før tida, så flyturen var fin og effektiv. Bonuspoenga ramla inn då vi landa, òg. Kjekt!

    20250804_121452.jpg
    Vestlandsvêr på MAN

    På veg inn mot rampen for parkering tikka det inn ein e-post til den betre halvdelen om at flyet vidare var kansellert og at vi hadde fått nytt fly to dagar seinare...

    Neste fly skulle ha gått rundt fire timar fram i tid og var ei Aer Lingus-flyging operert av Emerald Airlines, som er eit slags dotterselskap til Air Lingus med fokus på regionale flygingar. Kort sagt den irske ekvivalenten til Widerøe.

    Vi tenkte at to dagars ventetid var litt mykje og bestemte oss for å finna ein skranke. Av ein eller annan grunn tenkte vi begge at vi skulle følgja skilta for "transfer" etter landing. Vi skulle jo vidare med fly. Dette førte oss frå terminal 1 til terminal 2 utan at vi gjekk gjennom den ordinære grensekontrollen.

    Dei neste timane skulle vi få sjå meir av Manchester flyplass enn det vi nokosinne hadde trudd var mogleg å få sjå...
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Med dobbel hjernetåke svingte vi altså til venstre rett før passkontrollen på Manchester airport terminal 1 og følgde skiltinga til 'transfer'. Her gjekk vi gjennom ein del korridorar og opp og ned nokre trapper før vi til slutt kom til bussen som skulle ta oss til terminal 2. På dette tidspunktet trur eg vi berre handla på automatikk.

    20250804_122525.jpg
    Språktrening ved busshaldeplassen

    Bussen skulle gå kvart tiande minutt. Først etter nesten tjue minutt kom det ein buss og vi vart frakta gjennom krikar og krokar til terminal 2 og så sendt inn ei dør der. Nye korridorar, trapper og gangar venta oss.

    20250804_123710.jpg
    Vi følgde skilta til transfer

    Plutseleg kom vi til ein liten kontrollpost der vi vart bede om ombordstigingskort for flyginga vår til Belfast, men det hadde vi ikkje fått fordi det greidde ikkje SAS å laga til oss. Då vi viste fram bestillinga vår, derimot, fekk vi ein transferlapp i handa og vart sendt vidare.

    Fem skritt seinare kom vi til ein slags passkontroll og vart spurt om føremål og slikt. Så var vi gjennom og etter ein ny korridor og ei trapp kom vi til ein sikkerheitskontroll.

    No hadde det gått omtrent tre kvarter sidan vi landa, om ikkje meir, men endeleg var vi i terminal 2 og tusla mot informasjonsskranken. Samstundes telefonerte den betre halvdelen til Air Lingus sin kundesørvis.

    Det skulle gå lang tid før ting vart avklart!
     
    NorFlight, EndreD, Flymunda and 17 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Informasjonsskranken var sjølvsagt ubemanna, så der måtte vi ringja eit telefonnummer. Det viste seg å vera til Menzies som handterer bakketenestene for Air Lingus og Emerald Airlines. Dei kunne ikkje hjelpa med flybillettane våre, men dei skulle koma og henta oss.

    På dette tidspunktet hadde den betre halvdelen fått vita av Air Lingus at SAS eigde billettane og difor kunne ikkje Air Lingus senda oss med andre fly enn sine eigne.

    Eg hadde vore i kontakt med SAS som i sin tur sa at flyplassen eigde reisa vår, så dette måtte folk der på flyplassen løysa. I og for seg riktig det. Etter litt agentrullett fekk vi òg vita at flyginga vår til Belfast ikkje var kansellert i systemet som SAS jobba i, så vi måtte venta før dei kunne gjera noko som helst.

    Hugsar du at Menzies skulle koma og henta oss? Ja, vi hadde sjekka om det var mogleg å koma oss ut av terminal 2 på eiga hand, men det viste seg å vera klin umogleg. Så då venta vi. I nesten to timar.

    Vi telefonerte til Menzies fleire gongar, men til slutt svarte dei ikkje meir og vi bestemte oss for å prøva å koma oss ut via sikkerheitskontrollen. Det var òg å vera enklare sagt enn gjort...
     
    Last edited: 05. aug 2025
    NorFlight, EndreD, Flymunda and 15 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    20250804_141543.jpg
    Sola kom fram over MAN

    Vi fekk hjelp og vart sendt til bussen som skulle ta oss tilbake frå terminal 2 til terminal 1 der vi skulle få hjelp vidare. Bussen kom og vi vart sendt gjennom nokre korridorar og slikt som til slutt gjorde at vi kom til informasjonsskranken i terminal 1. Der måtte vi ringja Menzies på eit nytt nummer og heldigvis kom det ei dame etter kvart som skulle følgja oss vidare og bringa oss ut av terminalen.

    Parallelt med alt dette hadde vi nemleg slått oss til ro med at vi fekk sjå oss rundt i Manchester eit par dagar og så stikka til Nord-Irland etterpå.

    Med ei dame frå Menzies ved vår side vart vi geleida gjennom dører og korridorar, over på ein buss som køyrde oss frå terminal 1 til ein annan stad på terminal 2..

    På eit eller anna tidspunkt her var vi òg gjennom ein provisorisk passkontroll. Det skal seiast at det var mykje att og fram her og ting går i surr.

    Til slutt vart vi etterlatt ved eit bagasjeband med lovnad om at bagasjen vår skulle koma om få straksar...

    Det skjedde ikkje...
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    20250804_165746.jpg
    Venterom...

    Ein halvtime gjekk og det skjedde absolutt ingenting. Ein telefon på veggen vart då tatt i bruk og eg fekk kontakt med ein kar som bad oss koma rundt eit par svingar og gjennom ein korridor. Der fekk vi bagasjen vår. Endeleg!
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Ikkje Belfast, men Manchester
    Til slutt kom vi oss ut av flyplassen. Klokka var no halv seks på ettermiddagen. Vi hadde landa klokka tolv... Vi fiksa oss overnatting her i Manchester, rekninga går til SAS eller Air Lingus, eventuelt forsikringsselskapet.

    Trikketuren inn til sentrum tok litt tid, men nærmare halv sju var vi innsjekka på hotellet.
    20250804_172547.jpg
    Trikk inn til Manchester

    Medan vi venta på bagasjen så oppdaga vi at Air Lingus hadde bestemt seg for å senda oss til Dublin og ikkje Belfast, så då ringde eg SAS for å finna ei betre løysing. Vårt forslag om å fly British Airways via London Heathrow til
    Belfast vart tatt i mot, men måtte inn til godkjenning hos HK. SAS lovte å ringja tilbake neste dag.
     
    Last edited: 05. aug 2025
    Teknolai, NorFlight, EndreD and 16 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Hotel Indigo rett ved Victoria-stasjonen i Manchester sentrum vart bestilt for 230 britiske pund for to netter. Hotellet i Belfast viste seg å ikkje vera refunderbart, men eg får eventuelt ta det via reiseforsikringa. Hotel Indigo er ålreit og rommet hadde god plass.

    20250804_184511.jpg
    Snorkofagen og rommet i Manchester

    Etter alle strabasane åt vi middag og tusla litt rundt i nærområdet før vi slokna for natta. Neste dag skulle vi utforska meir av byen, var planen.

    20250804_212505.jpg
    Aftan i Manchester

    Vi hadde ved endt reisedag passert 13 000 skritt, over 8 000 av dei på Manchester flyplass...
     
    Last edited: 05. aug 2025
  11. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    19,282
    Likes mottatt:
    75,531
    Bonuspoeng:
    293
    Litt av en start! God tur videre!
    Håper resten av turen går mer knirkefritt. :)

    Londonderry er veldig fint, var der for en del år siden.
     
    Kristian liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! :)
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Ny dag, nye nederlag!

    SAS sa dei skulle ringja tilbake i dag kl. halv ni. Det skjedde ikkje, så nærmare kl. elleve telefonerte eg inn sjølv og forklårte situasjonen. Agenten fann ingenting av førespurnaden frå kvelden før, så her var vi tilbake til start...

    Etter ei stund på venting så fekk eg informasjon om at SAS ikkje kunne gjera ein skit og at eg måtte fiksa meg nye flybillettar for eiga rekning — som eg kanskje kunne få refusjon for.

    Årsaka til at eg ikkje kunne få hjelp? Jo, at SAS og Air Lingus ikkje hadde nokon avtale og SAS hadde ingen eigne fly. Så her var eg åleine...

    Då vart eg litt oppgitt og presiserte at eg reiste på ein 117-billett utstedt av SAS sjølv og at dei hadde ansvar for å få meg til Belfast. Det medførte ei lang stund med ventemusikk.

    Rundt 45 minutt ute i telefonanropet byrja det å skje ting! Plutseleg var det mogleg å finna billettar til Belfast med British Airways! Masse tasting og knatring og mumling i andre enden. Totalt, etter 66 minutt var nye billettar oss i hende! Utan at det kosta oss ei einaste krone! Herleg!

    Så no skal eg ut og oppdaga Manchester!

    20250805_084056.jpg
    Manchester by
     
    NorFlight, EndreD, paron and 19 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Manchester — eit uventa møte
    Etter å ha fått kontrollert dei nye billettane rusla eg ut i typisk britisk sommarvêr: vekselsfuktig! Pytt-pytt!

    Medan den betre halvdelen surra med sitt, tusla eg bort til Imperial War Museum North. Museet fokuserer på Storbritannias rolle i krig og konflikt frå og med 1914 til dags dato.

    Eg synst museet er ålreit, sjølv om det ikkje gir rom for å fordjupa seg i kvar krig og konflikt. Samstundes er det fine omtalar som fungerer som påminningar om det som har skjedd dei siste drygt 120 åra.

    20250805_132037.jpg
    Imperial War Museum North

    20250805_133456.jpg
    Imperial War Museum North
     
  15. sutenai

    sutenai Not throw away...

    Innlegg:
    638
    Likes mottatt:
    3,153
    Bonuspoeng:
    93
    Det var da voldsomt til dramatikk, som seg passer til reisetemaet da kanskje... Ønsker deg alt vel videre!

    Pass på å få besøkt Derry Girls-veggmaleriet når du en gang ankommer, da!
     
    Kristian liker dette
  16. ccurrahee

    ccurrahee Ikke helt statusløs da……

    Innlegg:
    10,644
    Likes mottatt:
    38,770
    Bonuspoeng:
    293
    Gøy å være på tur da :) og Hils Derrygirlsa når dere ser dem.
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Resten av dagen vart via til litt rusling og slikt før ein liten handlerunde, middag og førebuingar til avreise i morgon.

    20250805_160717.jpg
    Gamal kran i Manchester

    20250805_170253.jpg
    Gatebilete i Manchester

    20250805_171049.jpg
    Spennande kebab?

    20250805_201305.jpg
    Manchester-katedralen
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Med British Airways til Belfast
    Etter frukost vart det ein halvtimes biltur til flyplassen og her vart det bom stopp. Ingen av innsjekkingsmaskinene var i funksjon, så her måtte alle i manuell innsjekk. Eg kunne nok ha pakka slik at eg ikkje trong å sjekka inn bagasje, men det gjorde eg altså ikkje. Så no står eg her. Den betre halvdelen sjekkar fasilitetane inne i avgangshallen — fordi eg fraktar toalettsakene for begge to...

    20250806_074642.jpg
    I kø for statuslause på Manchester lufthamn
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20250806_081412_Opera.jpg
    Dagens flyrute

    Sjølvsagt har eg vald feil kø ved innsjekken, så her står er og blømer... Og har gjort det snart ein halvtime... Når eg flyet???
     
  20. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,209
    Likes mottatt:
    883,964
    Bonuspoeng:
    293
    Er det alltid litt "surr" med deg på tur?
    Vi får håpe dette blir bra til slutt!
     

Del denne siden