En liten kuriositet: overraskende mange norwegian-crew med uniform i sas plus. Var vel ingen fly som passet. Uten interline-avtale får de kanskje heller ikke rimelige crew-billetter?
God fyrste juledag frå Sunnfjord. Her har vi hatt julebesøk av systra til madammen og gubben. God mat og servering. I dag fekk eg til og med gleden av å ta meg ein kvil saman med minstemann. Vi sov heilt fram til madammen vekte oss til middag. Slikt skal eg klare å venne meg til. Bør eg snart fortelje madammen at eg skal til SFO om knappe tre veker?
Nei .. hvorfor det? Du kan jo bli med meg til LAX siste helgen i februar .. da kan du begrunne det med at du må passe på en eldre lite reisevant mann i det store utland ..
Gledeleg jul frå bartebyen! Dagen starta med tretten minus ute og ein frukost inne som kunne ha lagt ein fullvaksen elefant i bakken... Heldigvis varte ikkje den komatøse tilstanden evig og det vart ein tur ut i det fri, her eit bilete frå Lavollen i Bymarka: Med ynske om ei framleis fredeleg julehøgtid til alle!
Det gjer det nok, men eg er redd min nye arbeidsgjevar vert sint om eg ikkje dukkar opp til avtalt tid. Ein tur til LAX er aldri å forakte, men denne gongen lyt nok Hollywood Boulevard og 101 Freeway vike for E39. Eg skal ta 747-toppetasjemøydomen og tilbringe eit ukristlig antal timar i Polaris-loungen. Det spørst om eg ikkje drar i med Nystemten til bartenderen og tiltalar LH sitt CC med freifrau i staden for fraulein.